Full pott - 6 nye poeng i helga
12 års jentene er inne i ein god periode og vann alle 3 bortekampane i helga.
Laurdag gjekk turen først til Kristiansund. Heimelaget vart feidd av banen, og lystavla viste 6-19 til Midsund når sluttsignalet gjekk.
Så gjekk turen vidare til Eide. Frode har ein god keeper og redda mange av skudda til Midsundjentene, som spela godt og kom seg til gode sjansar. Knallgodt forsvar sørga for nok ein seier, 6-11.
Søndag gjekk turen til Molde for å møte Træff. Midsund fekk med seg 2 nye poeng derifrå også. Ny god kamp og seier 14-22.

