Midsund Handball

Forsiden / Jenter 12 år / Nyheter / Fantastisk handballsøndag


Logg inn

Fantastisk handballsøndag

Jentene spela to heimekampar søndag 13. mars, og fekk 4 nye poeng då dei først vann suverent mot Molde3 og seinare mot Åndalsnes.

Midsund valsa over Molde3 frå første sekund. Jentene varta opp med solid forsvarsspel, kontringar og fine angrep gjennom heile kampen, og frustrerte Moldejenter fekk ikkje til stort. Fin revansj etter forsmedeleg 11-9 tap mot dei tidlegare i sesongen.
To stolte trenarar kunne notere ÅRSBESTE AV JENTENE, og seier 17-7.

Vel ein time seinare var Åndalsnes motstandar. Jentene var vel litt "skutt" etter storkampen tidlegare på dagen, og slurva litt med pasningar og avslutningar. Men likevel vann dei med solide 13-6.

Dette var utruleg artig, jenter. Fekk høyre av publikum at de spela veldig bra handball. Kjekt med slike tilbakemeldingar:)

For meir informasjon, sjå kamprapportane.

Copyright ©
Midsund Handball.
En webløsning fra EasyHost