3 nye poeng i Molde
Grytidleg laurdag morgon 9. januar, drog 10 forventningsfulle jenter til Molde for å spele årets to første kampar.
Kl. 10 gjekk første kamp mot Molde 2, og det gjekk utruleg bra. Blide og flinke jenter fekk ein morgongretten trenar til å smile - og det er godt gjort.
Molde 2 klarte berre å skåre 4 mål mot oss, Silje og Ida stod BRA i mål! Seieren vart stor, for vi skåra 13!
Les kamprapport for meir info.
Neste kamp gjekk kl. 12 mot Molde, og dette vart ein heilt anna kamp. Men etter ein peptalk i ein timeout i første omgang, skjerpa jentene seg betrakteleg, og til slutt fekk vi uavgjort.
Les kamprapport for meir info.
3 poeng på to kampar er absolutt godkjent!.
No ser vi fram til å ta imot Åndalsnes og Kristiansund i Midsundhallen søndag 17. januar.
Kjempebra jobba jenter!

