Seier mot Træff i generalprøven
Onsdag 12.10. slo damelaget Træff i siste treningskamp før seriestart.
Kampen gjekk i Midsundhallen og sluttresultatet blei 34-32 i favør av Midsund.
Midsund starta bra og leda 6-0 før Træff kom meir inn i kampen. Laga fulgte kvarandre resten av kampen. Træff leda kampen 20-19 rett etter pause, men resten av kampen var Midsund i føringa.
Det blei scora mykje mål i kampen og det er stort rom for forbetring i forsvarsarbeidet hos begge lag.
Serien starter for J18 med kamp borte mot Langevåg søndag 16. oktober i Sulahallen.
Damelaget serieopner borte mot Vestnes onsdag 19. oktober i Vestneshallen.

