Midsund Handball

Forsiden / Damelag 4. div/J18 / Nyheter / Regionserie


Logg inn

J18 klar for regionserie etter jul

J18 avgjorde kampen mot Vestnes/Varfjell dei første ti minutta av dagens kamp i Vestneshallen. Midsund leda 10-1 etter ti minutt.

Midsund vann 31-23 etter 19-8 ledelse til pause.

Midsund kontra inn det eine målet etter det andre i begynnelsen av kampen. Vestnes virka ikkje klar for kamp.

Midsund roa litt ned utover i omgangen og Mali Håvik og Kristine Rakvåg fekk debuttere på J18. Mia Tangen fekk debuten sin på tirsdag mot Elnesvågen.

Midsund gjekk til pause med solid ledelse etter godt gjennomført omgang.

I andre omgang var det eit meir ukonsentrert Midsundlag som var på bana. Dette gjorde at Vestnes kom lettare til og scora 15 mål i andre omgang.

Seieren var uansett aldri trua.

Midsund er dermed sikra andre plassen i gruppa. Dette betyr at Midsund skal spele regionserie mot lag frå Trøndelag etter jul.

Målscorere:
Linnea 7
Åse 5
Linn Andrea 4
Janita 3
Anja 2
Tonje 5
Kristin 5

Utvisning: Midsund 8 x 2 min.

Copyright ©
Midsund Handball.
En webløsning fra EasyHost