Midsund Handball

Logg inn

Damelaget var overlegne mot Gossen

Som forventa var det klasseforskjell mellom Midsund og Gossen i dagens kamp i Aukrahallen.

Midsundjentene stoppa ikkje før sluttresultatet viste 45-12.

Pauseresultatet viste 21-3.

Midsund tok tidlig ein 3-0 ledelse, men Gossen reduserte til 3-2 utan at dette stressa Midsunddamene. Derifrå og ut heva dei konsentrasjonen litt og fjerna all tvil om kor seieren ville gå.

I andre omgang rullerte Midsund mykje på laget for å kvile fleire spelere før søndagens kamp mot Volda.

Dette ga utslag i at Gossen fekk score nokre fleire mål.

Midsund avlsutta kampen med å vinne siste 10 minutt med 10-0 !

Gossen debuterte med seniorlag i år. Dei viste stor innsatsvilje heilt inn og vil garantert bli betre utover i sesongen.

Toppscorer Midsund:
Åse Karlsen og Janita Orvik med 7 mål.

Copyright ©
Midsund Handball.
En webløsning fra EasyHost