Cup Idrettens hus
Lørdag 24. mars var 8-9 årslaget i aksjon i Idrettens Hus.
Midsund stilte med seks lag også denne siste cupen for sesongen. Vi hadde to guttelag og fire mixlag. Gutane fekk spele mot guttelag og fekk tøff motstand. Men begge laga vann to kampar og tapte ein, så dei var godt fornøyd.
Mixlaga hadde flott innsats, noko resultata vitnar om. Av 12 kampar vann dei 7. Kjempebra!!

