Cup Frænahallen
Flott innsats av alle laga på cup i Frænahallen.
Midsund blanda 8-9 stilte med seks lag på cup 4.mars. Det var to reine jentelag og fire lag med både jenter og gutar. Laga spelte to kampar kvar. Av til saman 12 kampar blei det 11 sigrar. Samme korleis trenarane mixar laga, så er innsatsen og kvaliteten på spelet god. Ungane er flinke til å sentre til kvarandre, slik at alle er med. Forsvarsspelet er veldig bra og det blir laga mange flotte mål. Det er ein flott gjeng som representerer Midsund IL på ein god måte. Ingen sure miner og fair play.
Vi gleder oss til siste cupen for sesongen, som er 24.mars i Idrettens Hus i Molde.

